lørdag 7. november 2009

TAKK MED TILLIT:)

Kvifor kjem det tunge tider
Angst og mørkre på min veg
Kvifor gløymer eg så ofte det eg Jesus eig i deg
Sjela mi er full av uro når eg ikkje lys kan sjå
Livet har så mange gåter, som eg ikkje kan forstå

Du som kjenner mine tankar, ser kor redd eg ofte er
La meg sjå at du er nær meg gjennom alt eg møter her
Kjære Jesus gjer meg stille
Ta meg inn til deg på ny
Herre, under dine venger finn mitt trøytte hjarta ly

Mine kvifor vil eg leggja i di naglemerkte hand
Mine augo vil eg venda heim til deg til livsens land
Du som aldri søv og slumrar
Du som vaktar dine små
Du skal også visa vegen
Der eg steg for steg skal gå
Haldis Reigstad

0 kommentarer: